Forfattarprofil    

  Åse Lilleskare Faugstad 

Åse Lilleskare Faugstad (f. 1941) er ein etablert forfattar med fleire utgjevingar bak seg. Ho  debuterte som 25-åring med boka Ved mitt altar i 1966. Etter dette har ho gjeve ut ytterlegare sju diktsamlingar, over ein periode på 25 år. Vidare har forfattaren arbeidd med gjendikting av engelskspråkleg lyrikk gjennom mange år. Ho har også gjeve ut noveller. Lilleskare Faugstad har vore medredaktør og bidragsytar i fleire antologiar, og dikta hennar er publiserte i inn- og utland.

Ho har bakgrunn som Cand. philol. frå Universitetet i Bergen med engelsk hovudfag, norsk mellomfag og allmenn litteraturkunnskap grunnfag. Studieopphald i USA og England med forfattarstipend.

Lilleskare Faugstad har arbeidd som lærar og lektor, sist ved Gimle gymnas i Bergen og Voss Gymnas, Voss.

Forfattaren er medlem av Den norske Forfattarforening og har vore medlem av DnF sitt Litterære Råd. Vidare var ho DnF sin representant i Norsk Språkråd i mange år.

Diktsamlingar
Ved mitt altar.
Dikt, Fonna forlag, 1966.
Stilt på min tanke. Dikt, Fonna forlag, 1968.
Stjernene. Dikt, Gyldendal forlag, 1974.
I dette huset. Dikt, Gyldendal forlag, 1977.
Den gylne kokongen. Dikt og gjendiktning, Solum forlag, 1988.
Tidevatnet kjem inn. Dikt og gjendiktning, Solum forlag, 1989.
Som ein fakkel. Dikt i utval. Villanden forlag, 2008.
Footsteps in the Field/Steg på marka. Eigne dikt på norsk og engelsk, Gjendiktning, eige forlag 2011
Dei løynde kjeldene, Dikt til ny livskraft. Eigne dikt og gjendiktning, Villanden Forlag 2012

Andre utgitte bøker
Det vakre rommet. Noveller, J.W. Cappelens Forlag 1981.
Straumar. Engelskspråkleg lyrikk frå det 20. hundreåret. Gjendiktning, Bokklubbens Lyrikkvenner 1992.
Byways Sidevegar. Poems in English and Norwegian. Utval av eigne dikt, Gjendiktning, Eige forlag 1996.
Dette er stjernen. Gjendiktning av eng. barnebok: This is the Star av Joyce Dunbar, Libretto Forlag 1996
Byways. Poems in English and Norwegian, samarbeid med Kay S. Isaacson, Photographic Art, San Francisco, USA, 1997. 
Ny utgåve av Byways  Sidevegar, eigne dikt på norsk og engelsk i eiga gjendiktning.

Antologiar der Åse L. Faugstad er representert med dikt og prosa
Kvinnespeil,  Den norske Bokklubben 1975
Vestlandsdiktarar, Norsk Forfattersentrum Vestlandsavdelingen 1976
Norske forfattere til gymnasene våren '77,  Norsk Forfattersentrum 1977
Vestlandsdiktarar, Norsk Forfattersentrum Vestlandsavdelingen i samarbeid med Det norske Samlaget 1978
Født til fellesskap, Den norske Bokklubben 1979
Døden er ingen avskjed, Ansgar Forlag 1979
Norsk lyrikk fra 70-åra, Den norske Bokklubben 1982
Vår tid og vår diktning, J.W. Cappelens Forlag A/S 1984
Liv og lagnad, Lunde Forlag 1985
Ord om nærhet, Tano 1985. Utgitt i mange nye opplag.
Kom og les, Gyldendal Norsk Forlag A/S 1986
Levande norsk , J.W. Cappelens Forlag a.s. 1986
Innslag i veven, Vestanbok Forlag 1992
En går seg selv så lett av minne, Gyldendal norsk Forlag AS 1996, 1997, 1998, 2006
Byways Sidevegar, Aries 1996, 1997
Plukke stjerner med hendene, Det norske Samlaget 1997
Vestland  Vestland, Det norske Samlaget 1999
Kjeld Stub, eget forlag 2001
Til min elskede, N.W. Damm & Søn AS 2005
Dei siste bondestudentane, Eide Forlag A/S 2007

Parnassus of World Poets  1994, 1995, 1997 og 1999,  red. Dr. Ramasamy Devaraj, Madras, India. 
Wanderlust.  An Anthology of Poems, red. Ravi Nandan Sinha, Writers Forum, Ranchi, India 1998.  
Symphonies. An Anthology of World Poetry,  red. Santosh Kumar, Cyberwit. Net, Ailahabad, India,  2003.
Inter Dicta Caracoa, red. Alfred A. Yuson, The Philippine Literary Arts Council, Filippinane 1990.
World Peace at Stake  Poems in 35 Languages, red. Har Prasad Sharma, Delhi, India 2009.

 

Litterære tidsskrift
Adam International Review,  red.  Miron Grindea,  London, England 1988.
Passport. The Magazine of New International Writing, issue 2, red. Mike Gerrard, Thomas McCarthy,
Cambridgeshire, England 1991.
The Quest . A Biannual Journal of Indian Writing in English, red. Ravi Nandan Sinha, des. 1996.
Taj Mahal Review, Volume 2 Number 2, red.: Santosh Kumar, des. 2003. 
World Poetry 1996, red.: Dr. Krishna Srinivas. 
Poems 96. An anthology of international Poetry, red.: Ravi Nandan Sinha, 1996. 

Andre publikasjonar
"Skrivarna i Jacobstad" I og II, dobbeltkronikk om finlandssvensk lyrikk i
Bergens Tidende 20. og 21. september 1977.
Gjendikting av "Limbo" av Seamus Heaney i Ergo Nr.1-1989.
The Tide is Coming in, Å.L.F. reads her poetry in Norwegian and English on tape. Sons of Norway 1991.

 
Tilbake