Utgjevingar

Tittel: Den Fyrste Song, Lerka & andre skattar
Forfattar: Per Sivle
Vert utgjeven: 4. oktober 2018
Pris: 249,-
ISBN:

ISBN: 978-82-999904-3-1

BESTILLING

Tittel: TWIST. Ein vestlandsantologi. Dikt og prosa frå ti røyster.
Forfattar: Kent Amundsen, Einar Bardal, Øyvind Erstad, Åse Lilleskare Faugstad, Mona Grenasberg, Jan Erik Kolaas, Sol-Mari Hesjedal Langhelle, Ole Petter Lien, Odd Jøran Oldervik, Anita Alise Vik
Utgjeven: 9. november 2016
Pris: 200,-
ISBN:

978-82-999904-2-4

BESTILLING

Biblioteket og kulturskulen i Vaksdal kommune har i 10 år samarbeidd om skrivekurs i biblioteket på Dale. Lærar i alle desse åra har vore forfattar Henning H. Bergsvåg.

I jubileumsskriftet TWIST er det samla tekstar av noverande og tidlegare elevar av kurset. I TWIST byr vi på eit stort mangfald av tekstar, her er både romanutdrag, dikt, kortprosa og noveller.

Tittel: Det beste av dramatikken
Forfattar: William Shakespeare
Utgjeven: 3. juni 2016
Pris: 249,-
ISBN:

978-82-999904-1-7

BESTILLING

William Shakespeare (1564–1616) er truleg historias aller største diktar. Alle har eit forhold til han, anten gjennom dramatikk, dikt eller film. Dei mange uforgløymelege orda hans står att for ettertida. I denne boka finst eit utval av dei beste monologane og dialogane i dramatikken til Shakespeare: Hamlet, Stormen, Ein midsumarnattsdraum, Romeo og Julie, Macbeth m.fl.

Av same stoff som draumar
blir gjorde av, er vi. Vårt vesle liv
er ringa inn av svevn.
(Stormen)

Alle lesarar kjenner seg att i Shakespeares tematikk. Her talar mann og kvinne, høg og låg, om liv og død, makt og avmakt, kjærleik og hat, forelsking, svik og misunning, lengt og saknad, lukke og ulukke – alt det livet byd av sorger og gleder.

Boka syner fram eit høgdepunkt i nynorsk gjendiktingskunst. Journalist og forfattar Ronny Spaans har valt ut glitrande fragment frå m.a. Ivar Aasen, Erik Eggen, Henrik Rytter, Hartvig Kiran og Halldis Moren Vesaas.

Tittel: Morfar og den ville grasklipparen! og elleve andre sprøe historier
Forfattar: Mona Grenasberg Ullevoldsæter
Vert utgjeven: 25. oktober 2015
Pris: 198,-
ISBN:

978-82-999904-0-0

BESTILLING

Her kan du lesa løgne historier om bjørnen som åt joikabollar og Torfinn frå Høgabu som mata haiane utan hjelp av kokken Tor. Nærbutikken på Stanghelle dukkar stadig opp. Og morfar Odd kjem inn når du minst ventar det.

Les også om den magiske lampen, ein hemmeleg skatt og om guten Ola som så inderleg gjerne ville gjera ei god teneste, men så gjekk alt så ramlande gale.

Boka har mange fine illustrasjonar.

Tittel: Dikt og dramatiske monologar
Forfattar: Robert Browning
Gjendikting: Per Olav Kaldestad
Utgjeven: 3. juni 2014
Pris: 298,-
ISBN:

978-82-997869-9-7

BESTILLING

«Hvem leser vel Browning i dag,» sa Edvard Munch indignert. No har du moglegheit til å lesa ein av dei fremste diktarane i viktoriatida på norsk! Robert Browning (1812-1889) skriv klokt og fullt av inderlegheit med stor spennvidde frå det humoristiske til det lyriske, det maleriske og dramatiske. Brownings innsikt i menneskesinnet var stor. Kanskje det er difor dikta hans gjer slikt inntrykk på lesaren. I livfulle glimt syner personane hans sitt sjeleliv for oss.

For kvart augnekast så klårt og svart
held eg endå i hjarta så lenge som råd, -
stemma di, når du helsar snøklokka vart,
vil sjela mi alltid bera på!

Per Olav Kaldestad har gjort eit utval av dikt og monologar om kunsten og kjærleiken, som Frà Lippo Lippi og Andrea del Sarto. Han har òg skrive etterord.

Sjå strålande bokmelding Dag og Tid.
Tittel: Dei løynde kjeldene. Dikt til ny livskraft
Forfattar: Shakespeare, T.S. Eliot, Byron, Rilke, Yeats, Emily Dickinson m.fl.
Gjendikting: Åse Lilleskare Faugstad
Utgjeven: 19. oktober 2012
Pris: 198,-
ISBN:

978-82-997869-8-0

BESTILLING

Sterke poetar frå ulike land bidrar med dikt under temaet "Ny livskraft". Felles for dikta er at dei kan kveikja til ny livskraft, trøyst og glede for lesaren. Forfattar og gjendiktar Åse Lilleskare Faugstad har i samarbeid med forlaget valt ut dikt frå uilke land og ulike tider under dette temaet.

Her er dikt av kjende namn som T. S. Eliot, Rainer Maria Rilke, Shakespeare, Byron, Yeats og Emily Dickinson. Men også mange samtidige moderne poetar er med, som May Sarton, Jean Husby, Carol Ann Duffy, Surekha Vijh og David Wagoner. Det finst og fire nye upubliserte dikt av Åse Lilleskare Faugstad.

For ein kvit og syngjande times fred
Er verd mange års strid,
Og for eit pust av ekstase
Gje alt du har vore og kunne bli.

- Sara Teasdale

Tittel: Testamentet og Spreidde balladar
Forfattar: François Villon
Gjendikting: Harald Gullichsen
Utgjeven: 21. oktober 2010
Pris: 329,-
ISBN:

978-82-997869-5-9

BESTILLING

François Villon (1431-64) vert rekna å vera seinmiddelalderen sin mest betydelege diktar i Frankrike og blir kalla Frankrike sin «første moderne lyrikar». Me vert førde tilbake til 1400-talet og møter dei direkte orda frå ein mann som sit fengsla, dømd til henging. Han evnar å formidla sitt testamente med ein versekunst og eit vidd som er slåande, óg i dag. Me står framfor eit verk som både er spennande og lesverdig og i tillegg har stor litterær- og kulturhistorisk verdi. I følge Hans E. Kinck reiser Villon seg som ein «veldig susende cypres mot himmelen» i vår verdslitteratur. 

Dikta byr på skjemt og alvor, nyting og sorg. Me kan lesa vittig satire om alt frå kongar, rikfolk og juristar til Tjukke Margot frå vertshuset. Og me får eksistensielle og sjølverkjennande dikt frå eit liv på flukt frå fangehol, torturkammer og bødlar. Villon skriv og vakre kjærleiksballadar som "kjærleikens martyr". 

Sjå flott bokmelding i Dag og Tid, og bilete frå lanseringskvelden då Jon Eikemo las Villon-dikt!

Tittel: Om lesning. To litteraturhistoriske essays
Forfattar: Marcel Proust, John Ruskin
Etterord: Ragnhild Evang Reinton
Utgjeven: 3. november 2009
Pris: 278,-
ISBN:

978-82-997869-1-1

BESTILLING - Omtale.pdf

Filosofen John Ruskin (1819-1900) var på sin tid en meget lest engelsk forfatter. Han skrev bl.a. et essay om dannelsen som følger av lese den gode litteraturen. Marcel Proust (1871-1922), forfatteren av mesterverket På sporet av den tapte tid, oversatte i sin ungdom dette essayet fra engelsk til fransk. Han skrev også et forord som nærmest er et selvstendig essay og en polemikk mot Ruskin. Der Ruskin vektlegger den almenne dannelsen av lesning, svarer Proust med fremheve leseaktens private stille glede:

"Så var den siste siden lest, boken var slutt. Jeg måtte stanse øynenes nådelse jag, og stemmens, som fulgte etter uten en lyd og bare stanset for trekke pusten, med et dypt sukk."   

På sitt mesterlige vis fremhever han lesningen

"som med sine magiske nøkler åpner dører til rom i vårt indre som vi aldri ville klart trenge inn i ved egen hjelp."

Tittel: Menippeiske satirer
Forfattar: Lukian fra Samosata (ca. 120-180 e.Kr)
Oversetter: Aslak Rostad
Utgjeven: 3. november 2009
Pris: 278,-
ISBN:

978-82-997869-2-8

BESTILLING - Omtale.pdf

Den greskspråklige syreren Lukian fra Samosata levde i det andre århundret (ca. 120-180 e.kr.) i dagens Samsat i Tyrkia. Han skrev en mengde verker, deriblant en del menippeiske satirer - tekster med filosofen Menippos som hovedperson, eller skrevet i Menippos' ånd. Her går parodi, humor og stilblanding hånd i hånd med alvorlige emner. Vi har valgt ut Ikaromenippos eller Himmelfareren, Menippos eller Orakelkonsultasjon i Dødsriket og Dødsrikedialogene - tekstene som hører til de mest eksemplariske menippeiske satirene fra denne perioden.

Lukians reiser blir beskrevet med selvironi og humoristiske kommentarer - om alt fra landsbybeboere til visdomsord om hvordan livet bør leves. Som Professor Jon Haarberg ved UiO sier:

"Lukian synes - på tvers av århundrene - å tale til oss som lever nå. Det skal fortsatt godt gjøres å ikke briste ut i latter under lesningen. (...)

Ludvig Holberg og A.O. Vinje ville begge, om de hadde kunnet, jublende ha gitt sin uforbeholdne anbefaling."

Sjå nyheit om melding i Morgenbladet.

Tittel: Som ein fakkel. Dikt i utval
Forfattar: Åse Lilleskare Faugstad - forfattarprofil
Etterord: Johannes Gjerdåker
Utgjeven:

November 2008

Pris: 175,-
ISBN:

978-82-997869-0-4

BESTILLING

Sidan debuten i 1966 med diktsamlinga Ved mitt altar, har forfattaren gjeve ut tilsaman 6 diktsamlingar. Som ein fakkel presenterer 10 kraftfulle dikt frå kvar samling, gjennom ulike livsfasar - frå debuten som 25-åring, til siste bok, Tidevatnet kjem inn. Me møter tidlause dikt om det vera menneske, gripa augneblinken og å leva for og med andre. Vidare har boka dikt som i vakre språkuttrykk syner naturens skiftingar og mennesket i møte med naturen.

Boka byr og på utfordrande sanningssøkande dikt som får lesaren til stoppa opp og fryda seg over innsikter og ord ein sjølv kanskje har leita etter. Som ein fakkel er blitt ei brennande vakker bok, som titteldiktet seier: 

(...) skal eg skina som ein fakkel  / gjennom deg...

Gå til
nyheitssida for nokre fine glimt frå lanseringskvelden.


Tilbake