'

Til hovudsida

 

 

 

Nyheiter

November 2016

Ny bok hos Villanden forlag! TWIST - ein vestlandsantologi. Dikt og prosa frå ti røyster. Bestilling her eller i bokhandelen.

9. juni 2016

Vellukka lansering av William Shakespeare. Det beste av dramatikken under Daledagane 3. juni i Dale Forsamlingshus. Sjå bilete frå kvelden på vår facebookside. Bestilling her eller i bokhandelen.

Sjå omtale i VaksdalPosten:

28. mars 2016

William Shakespeare. Det beste av dramatikken vert lansert under Daledagane 3. juni i Dale Forsamlingshus. Verdas største diktar i nynorsk gjendiktning! Sjå utgjevingar.

27. september 2015

Morfar og den ville grasklipparen! og elleve andre sprøe historier. Bok for barn og barnlege vaksne. Lanserast 25. oktober. Sjå utgjevingar.

11. februar 2015

I dag har me fått strålande nyheiter om at Norsk kulturråd kjøper inn Browning-boka til landets bibliotek.
Bestill boka her.


19. september 2014

Browning-boka fekk strålande omtale i Dag og Tid i dag:

"Browning er poesiens crème de la crème... det er på tide me får Browning på norsk."

"Per Olav Kaldestad har lukkast med å overføra dei psykologiske djupnadene i monologane... Omsetjingane hans glir naturleg."

"... bukett er er sanneleg rette ordet for diktsamlinga - i høve til både forma og innhaldet. Villanden forlag overlét ingenting til tilfella. Bokproduktet er gjennomarbeidd med vakre fontar og sensuelle illustrasjonar..."

"Blir du lei av litterær industriføde - gå til Villanden; dei tilbyd økologiske bokprodukt."

Bestill boka her.


(Klikk to gonger på bilete for å kunne lesa.)

5. juni 2014

... og her er omtale frå boklanseringa.

3. juni 2014

Her er nokre fine augneblink frå boklanseringa. Per Olav Kaldestad las livfulle dikt av Robert Browning for eit fornøgd publikum i Dale Forsamlingshus. Ein strålande kveld!



Juni 2014

Tysdag 3. juni lanserer me vår nye bok av viktoriatidas store diktar Robert Browning. Kom og høyr uforgløymelege dikt om kunsten og kjærleiken, lesne av gjendiktar Per Olav Kaldestad. Dale Forsamlingshus, 3. juni kl. 1800.

Januar 2014

Denne våren arrangerer me Skandinavisk litteraturvår på Dale i samarbeid med Vaksdal Folkebibliotek. I januar (16.) kjem Agnes Ravatn i samtale med Ole Petter Lien, og seinere i januar (28.) kjem Erling T. Gjelsvik og fortel om Ludvig Holberg. 18. mars kjem biblioteksjef i Meland, Bente Bing Kleiva og presenterar den danske samtidsforfattaren Helle Helle. I april vil Gunnar Staalesen ta for seg Amalie Skram sin forfattarskap. I mai vert Per Olav Enquist presentert av biblioteksjef Jan Erik Kolaas. Juni-programmet er enno ikkje klart.

Januar 2014

Studio Sokrates på NRK tek for seg Lukian frå Samosata og vår bok Menippeiske Satirer i en serie om filosofisk dårskap! Boka kan du sjølvsagt bestille her hos oss.

September 2013

Hausten er her og me heldt fram med å arrangere Månadens Nynorskforfattar i samarbeid med Vaksdal Folkebibliotek. Haustens foredragshaldarar er:

Oktober: Harald Stanghelle presenterer ein nynorskforfattar (dato ikkje klar)
November: Linda Eide les (tysdag 12. november)
Desember: Frode Grytten presenterer sin siste roman (tysdag 3.desember)

 

Januar 2013

Saman med Vaksdal Folkebibliotek lanserer me nyvinninga Månadens Nynorskforfattar 2013. Les vårprogrammet som vitnar om ein fabelaktig nynorskvår på Dale!

Desember 2012

6. desember slutta me av arrangementa "Månadens lyrikar" med irsk-britisk songlyrikk av gruppa "Paul sine haner". Men allereie i februar startar me opp eit nytt konsept, til forveksling lik månadens lyrikar. I 2013 presenterer me "Månadens nynorskforfattar" saman med Vaksdal Folkebibliotek og med støtte frå Fritt Ord-stiftinga. Me kan allereie seie at det blir eit svært godt år i vente. Ha ei fin førjulstid!

19. oktober 2012

Me har hatt ei strålande lansering av Dei løynde kjeldene. Dikt til ny livskraft. Fullt hus i biblioteket på Dale, vakre dikt og spesiell stemning med eit nærverande publikum. Bestill boka her. Følg oss gjerne på facebook også.



Oktober 2012

Det nærmar seg lansering av vår nye bok Dei løynde kjeldene. Dikt til ny livskraft. Meir om boka her. Velkomen til lanseringskveld i Dale bibliotek 18. oktober! Sjå invitasjon.

Juni 2012

Me arbeider no med ei ny bok, ein diktantologi med temaet "dikt til ny livskraft. Det vil bli boklansering til hausten.

Januar 2012

Denne våren presenterer me "Månadens lyrikar" i samarbeid med Vaksdal folkebibliotek:

Januar: Frode Grytten
Februar: Lyrikar Erlend O. Nødtvedt
Mars: Visesongaren Elin Furubotn
April: Lyrikar Hildegunn Dale og forfattar Tomas Espedal
Mai: Jon Hjørnevik og visesongar Dagfinn Iversen
Juni: Kristin Straume Audestad

Oktober 2011

Haustens forfattartreff er godt i gang. Johannes Gjerdåker har nyleg presentert den romerske diktaren Horats. 13. oktober vert det Bob Dyland på nynorsk ved Tom Roger Aadland. Månadens forfattar i november er Gunvor Hofmo.

August 2011

Villon-boka vår fekk god omtale i siste utgåve av avisa Dag og Tid. Gullichsen sitt arbeid vert kalla "briljant nynorsk gjendikting".

Mai 2011

Programmet for "Månadens forfattar" våren 2011.

22. februar 2011

Gledeleg brev frå Kulturrådet i dag: Dei kjøper inn vår siste bok, Testamentet og Spreidde balladar av Francois Villon!

20. januar 2011

Her blir det frisk vind i gitarane og salt sjø i felespelet! Skottlands nasjonalpoet Robert Burns er første "Månadens forfattar" i 2011. Tam Glen spelar og syng i Dale Forsamlingshus, torsdag 20. januar kl. 18.

9. november 2010

Årets siste forfattarkveld vart både forunderleg og morosam. Frode Grytten kjørte ein Toyota Carina 1800 Twin-Cam Turbo GT gjennom den japanske forfattaren Haruki Murakami sitt univers, og me vart med på ferda gjennom Tokyos gater og ned i undergrunnen av menneskesinnet. Det vart og delt ut bokpremiar i novellekonkurransen til Vaksdal kommune.

(klikk på bileta for større versjonar)

21. oktober 2010

Jon Eikemo gav både energiske og inderlege tolkingar av Villons dikt og balladar. Me fekk m.a. høyra den kjende "Balladen om dei hengde" og "Balladen om kvinnene i fordoms dagar", samt fleire utdrag frå Testamentet. Mona Grenasberg Ullevoldsæter fortalde om Villons liv og dikting. Eikemo viste verkeleg si evne til å formidla stor diktekunst.

21. oktober 2010

Boklansering! Me gjev ut eit av verdslitteraturens store diktverk, Testamentet og Spreidde balladar av Francois Villon, gjendikta til nynorsk. Det vert sagt at Villon "reiser seg som ein sypress mot himmelen i vår verdslitteratur". 2600 verselinjer er gjendikta av Harald Gullichsen. Jon Eikemo les dikt av Villon på lanseringskvelden. Sjå forøvrig omtale i Dag og Tid under. Dale Forsamlingshus torsdag 21. oktober kl. 1800. Velkommen!

8. oktober 2010

Asbjørn Aarnes gav Villon-boka vår fin omtale i Dag og Tid den 8. oktober (klikk på bilete):

5. oktober 2010

Krim-kveld i Dale Forsamlingshus! Gunnar Staalesen presenterer si nye bok "Vi skal arve vinden". Tirsdag 5. okt. kl. 1800.

September 2010

Torsdag 23. september i Forsamlingshuset på Dale kl. 18. Me heldt fram forfattarkveldane våre med eit foredrag om Olav Duun av Grethe Fatima Syéd. Ho vil m.a. diskutere om me skal sjå Olav Duun som den store etikaren, som vismann og profet som ga førebiletlege framstillingar av rett og gale, godt og vondt, eller om bøkene hans tvert imot er fulle av galskap, undergang, sjølvmord, sorg og forlis. Og kva med skjønnheita i verket - kan den kasta eit forsoningas skjær over smerta? 

 

 

 

 

30. juli 2010

Me fekk ei strålande melding av Lukian-boka vår (Menippeiske satirer) i Morgenbladet denne veka:

Det er en begivenhet at et lite, idealistisk forlag som Villanden iverksetter en utgivelse som denne. Her har de funnet frem til en klassiker som har vært altfor oversett i norsk klassikerforleggeri. (...) Dette er en strålende bok alle bør kjøpe og lese.
(...)
Noen forfattere i historien (...) har evnet å skjære gjennom til en bakside der verden er snudd på hodet, der høyt blir lavt, der spekulative påstander kles nakne og den arrogante snubler i sin innbilte verdighet. Det er komedie, karneval, satire - opposisjonell litteratur, maktkritisk på en subtilt underminerende måte. Lukian fra Samosata er en av disse antiforfatterne, kanskje den ypperste av dem alle, og han er alltid like frisk å lese, vittig og giftig, aldri sur. Han er suveren i sin intelligente forakt for autoritetenes hjelpeløse begrunnelser for deres særstillinger. Angrepene skjer med skyts mot litterære klassikere som Homer, Hesiod og Herodot. Når perspektivet forvrenges, kommer tøvet frem.
(...)
Det gjøres narr av guder, filosofer og stormenn. Gjennom å vise frem det paradoksale i gudenes handlingsmønstre slik det er blitt gjenfortalt hos klassiske forfattere, avslører han hele gudelæren som tøv. (...) Han driver myteknusing i stor stil, og fremtredene, historiske mennesker som Krøsus, Midas, Agamemnon og Mausolos blir kledd nakne. All slags spådomskunst og mumbo jumbo blir latterliggjort.
(...)
Oversetter Aslak Rostad har valgt et friskt og freidig norsk som kler forfatteren og stoffet godt. (...) Boken bør nå ut til det litteraturglade publikum (...) Her er det ingen grunn til å tvile, bare å nyte.

8. juli 2010

Me saksar frå VaksdalPosten 8. juli: "Kr 50.000 frå Fritt ord. Tiltaket Månadens forfattar som Vaksdal folkebibliotek har stelt i stand i samarbeid med Villanden forlag, har fått tildelt kr 50.000 frå Fritt ord-stiftinga."

Me takkar for støtta og ser fram til å satsa vidare på forfattartreffa våre framover.

4. juni 2010

I juni vert forfattartreffet ein del av Dale-dagane. Stanghelle-jenta Siri M. Kvamme har fått særs gode meldingar for begge bøkene sine. Ho les frå eigne tekstar. Dale Forsamlingshus, fredag 4. juni kl 18.00.

11. mai 2010

Biblioteket på Dale. Me fekk høyra dikt av Anita Vik frå boka Alltid eit fjell. Sveinung Klyve viste naturfotografi som illustrasjon til dikta. Ein fin kveld igjen.

20. april 2010

Marcel Proust-kvelden ble holdt i det ærverdige forsamlingshuset på Dale. Mange møtte frem for å lytte til professor Ragnhilds Reintons innsiktsfulle foredrag. Etter pausen ble det lest fra På sporet av den tapte tid.

 

23. mars 2010

Ein energisk og entusiastisk Erling T. Gjelsvik heldt foredrag om Hemingway sitt liv og forfattarskap.

25. februar 2010

Det ble en finfin kveld i biblioteket. Fullt hus til tross for snøvær, OL og vinterferie. Åse Lilleskare Faugstad leste fra sine gjendiktninger av engelsk lyrikk, samt fra en upublisert novelle. Etter pausen leste elever fra skrivekurset til Henning H. Bergsvåg egne tekster.

Månadens forfattar i februar: Åse Lilleskare Faugstad. Ho les eigne og omsette tekstar. Det vert og opplesing av skrivekurselevar i den såkalla "Daleskulen i norsk litteratur":

Odd Oldervik
Einar Bardal
Jan Erik Kolaas
Mona Grenasberg Ullevoldsæter

Biblioteket på Dale, torsdag 25. februar, kl. 1800.
Enkel bevertning. Entré kr. 50.-

Arr: Vaksdal folkebibliotek og Villanden forlag.

 

 

19. januar 2010

Kvelden med Kurt Johannessen trakk fullt hus i biblioteket - ein flott start på forfattartreffa! 

"Det vart mange utfordrande lyttaropplevingar med bilete og tankesprang som me sjølve aldri ville klart å komma opp med", sa Mona frå Villanden som her gjev forlagets nyaste bøker som bokgåver. Ho meinte og at Lukian må vere antikkens svar på Kurt Johannessen med sine idear og filosofiske krumspring. 

 

 

 

Januar 2010

Villanden inngår samarbeid med Vaksdal folkebibliotek om å arrangere forfattartreff kvar månad i 2010. Første forfattar ut var Kurt Johannessen, tysdag 19. januar, kl. 18.00 i Biblioteket på Dale. Sjå Plakat i PDF. Hovudsponsor er BKK.

3. nov. 2009

Vi lanserer høstens bøker: Om lesning av Marcel Proust og John Ruskin og Menippéiske satirer av Lukian fra Samosata (ca. 120-180 e.Kr).

Sept./Okt. 2009

Me arbeider for fullt med ferdiggjering av haustens bøker "Om lesning" og "Lukian - Menippeiske satirer".

Juli 2009

Me tar ferie fram til 3. august. Ein fin beskjed før ferien er at Norsk kulturråd kjøper inn "Om lesning" av Marcel Proust og John Ruskin til landets bibliotek.

Juni 2009

Me hadde eigen stand på Daledagane 2009 der me delte ut haustens katalog og selde Som ein fakkel. Eit triveleg arrangement med godt vér og mykje folk.

Haustens katalog er klar. Klikk her for å lasta den ned. (171Kb, PDF) 

Mai 2009

Arbeidet med haustens bøker i Villanden visjon-serien er vel undervegs. Me vil snarleg publisere haustens katalog frå forlaget.

Mars 2009

Me planlegg no ein serie bøker henta frå heile litteraturhistoria, bøker som gjerne kryssar grensene mellom skjønnlitteratur og teori/prosa/essay. Bøker med utsyn og innsyn. Dei to første bøkene blir:

  • Marcel Proust / John Ruskin, Om lesning. To litteraturhistoriske essays om viktigheten av å lese.
  • Lukian fra Samosata, Menippeiske satirer. Tre tekster av den greskspråklige satirikeren Lukian (ca. 120-180 e.Kr.).  

Desember 2008

Som ein fakkel er blitt tildelt produksjonsstøtte frå Norsk Kulturråd. Me takkar for tilliten! 


28. november 2008: Vellykket lanseringskveld!


Det ble en svært vellykket lanseringskveld i Dale forsamlingshus fredag 28. nov. En fullsatt sal fikk høre Åse Lilleskare Faugstad lese seks av sine dikt etter en innledning av redaktør Mona. De musikalske innslagene (forfatterens dikt, tonesatt av Per Indrehus) ble glimrende gjennomført av de tre dyktige og profesjonelle musikerne. 67 av forfatterens malerier rammet inn kvelden. Klikk her for en smakebit fra utstillingen. Publikum satte tydeligvis stor pris på de kulturelle og sosiale opplevelsene denne kvelden.


Bildet: Forfatteren i stolen, Marilen Jørgensen Vågen ved mikrofonen og Per Jørgensen med trompet.


Invitasjon: 8. nov. 2008. Maleriutstilling og boklansering!

Åse Lilleskare Faugstad kan ikkje berre skrive dikt, ho maler óg! Fredag 28. november kl. 1800 inviterer forfattaren og forlaget til åpning av maleriutstilling og boklansering i Dale forsamlingshus (45 min. m. tog frå Bergen). 

Forfattaren les «Julehuset» og andre dikt frå den nye boka. Boksignering. Gløgg. Gratis entré. Komponisten Per Indrehus har sett tone til fleire av dikta. Nokre av desse blir framførte denne kvelden av Marilen Jørgensen Vågen, Per Jørgensen og Olav Arne Steinkopf.

Utstillinga vil óg vera open 29. og 30. nov. 10-17.

Invitasjon (PDF, 102Kb)


8. nov. 2008.
«Som ein fakkel»
er i sal!

Boka har nett kome frå trykkeriet. Resultatet vart flott, og me har fått gode tilbakemeldingar på boka allereie. Den kan bestillast på 
denne sida , og er tilgjengeleg gjennom alle bokhandlarar i landet, samt hjå nettbokhandlarane http://www.haugenbok.no/ , http://www.bokdykk.no/ og http://www.bokogmedia.no/

Boka er lagt inn med informasjon i Den norske Bokdatabasen og kan også bestillast via Mentor. 

Pressemelding (PDF, 279Kb)